Interiør

Home Decor

Me skal endeleg innrede ein ny heim og eg drømmer om:

Å bygge eit stilreint og funksjonelt kjøkken.

Marmor.

Marokkanske fliser.

Kalkmaling.

Eit stort og passeleg rustikt spisebord med fine stoler til.

Fransk stil.

Ein stor og god sofa.

Grønne planter

Read more »

Categories: Polyvore | Tags: | Leave a comment

Rista bokhvete og nøtter

IMG_2670Rista nøtter, frø og kjerner smaker nydeleg på yoghurt, skyr, salater og is.

Du treng berre ei tørr steikepanne, nøtter, frø/kjerner og bitte litt salt.

Denne gangen valgte eg heil bokhvete, valnøtter, hasselnøtter, gresskarkjerner og solsikkekjerner.

Rist i steikepanna på middels/høg varme til blandingen får ein gyllen farge.

Oppbevar i ein tett boks eller eit glass, gjerne sammen med kokosflak og tørka bær.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Skogsbær

Annonse

IMG_2626Dagens «Happy Bowl» etter trening med Lerum skogsbærsaft uten tilsatt sukker.

Ein frisk og god kombinasjon!

Categories: Min mat | Leave a comment

Le Weekend

Processed with VSCO with hb2 presetDenne veka var det ekstra godt med helg etter oppstart i ny jobb og boligkjøp.

Lørdagen starta seint med kaffe, avis og ei smaksbombe av ei frukostskål.

Mager kesam+bær+hasselnøttkrem+questbar med sjokoladebiter+kakaonibs+kokosflak

Categories: Min mat | Leave a comment

Mini pizza med spekeskinke og mozzarella

IMG_2487Torsdagens boligkjøp måtte feirast med mini pizzza og ein øl.

Til 4 pizza treng du:

4 lomper*, 2 pk fersk mozzarella, spekeskinke, ketsjup, vårløk og kvitløkspepper.

Forsteik lompene midt i ovnen på 200 grader varmluft i 6-8 minutt.

Ha på ketsjup, spekeskinke, vårløk og mozzarella i skiver.

Steik videre på 200 grader uten varmluft til osten er smelta (ca 8-10 minutt).

Server med salat.

* Eg bruker Bjørken potetkaker da dei kun inneheld spor av gluten.

Glutenfri øl fra Daura, supergod!!

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Bønnepasta med avokadokrem

IMG_2460Eg har aldri vore spesielt glad i pasta før eg oppdaga bønnepasta for eit år siden.

Den er naturleg glutenfri, proteinrik og metter supergodt.

Eg kjøper den i ulike varianter hos Coop (änglamark) og du finn den ofte sammen med dei glutenfrie varene.

Til to porsjoner av denne retten treng du:

1 pk (200 gr) soyabønne-fettucine, 2 små avokadoer, 2 ss grønn pesto, 1 ss sitronsaft, salt, pepper, pinjekjerner og parmesan.

Kok pastaen etter anvisning på pakken.

Mos avokadoene med stavmikser sammen med pesto, sitronsaft, litt salt og pepper.

Spar på litt av kokevannet fra pastaen for å spe sausen med.

Bland inn avokadomosen og juster med kokevannet til passe konsistens.

Server med pinjekjerner og parmesan.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Hasselnøttkrem

IMG_2407Akkurat no har eg dilla på eit «smørauge» med hasselnøttkrem på frukostskålene mine.

Hasselnøttkrem fra Barebells får du kjøpt her!

Den er sukkerfri, proteinrik, supergod og supermektig.

Categories: Min mat | Leave a comment

Franske drømmer

French Vibes

 

Turen til Provence sist helg vart bytta ut med influensa, så eg drømmer fortsatt om:

Rosevin

Badedrakter

Lavendel

Sommervesker

Iiiiiiiiis

Sol og sandaler

Socca med masse fyll (franske kikertpannekaker)

Kaffe i fargerike krus med morgensola i ansiktet

Read more »

Categories: Polyvore | Tags: | Leave a comment

Sjokolade- og kokosgranola

IMG_2424…glutenfri og lavkarbo granola med smak av sjokolade og kokos…

Eg måler ikkje opp mengden av ingredienser og lager så mykje som eg treng eller har ingredienser til.

I denne porsjonen brukte eg:

Valnøtter, mandler, hasselnøtter, gresskarkjerner, solsikkefrø, heil bokhvete, kokosflak, 1 ss kakao, fibersirup, 1 ss vann og bittelitt salt.

Del opp nøttene i ca like store biter, rist dei gylne i ei steikepanne med litt kokosolje på medium/høg varme.

Ha deretter i bokhvete, gresskarkjerner, solsikkefrø, salt, kakao, fibersirup og vann i steikepanna.

Surr blandingen til væska er kokt inn og avkjøl på ein tallerken.

Oppbevares i ein tett boks eller eit glass med lokk.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Kyllingsalat med røkt paprikapulver og mangosalsa

IMG_2366Til denne salaten treng du:

200 gr kyllingfilet, 1/2 avokado, salat, tomat, røkt paprikapulver, kesam*og mangosalsa*.

Del opp ingrendiensane til salaten. Steik kyllingen i skiver og dryss over salt, pepper og røkt paprikapulver.

Server med kesam og mangosalsa.

* Eg kjøpte ein liten boks med mango salsa på Rema til 10 kroner.

Den inneheld 85% mango og smakte supergodt.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Yoghurt med blåbærsyltetøy

Annonse

IMG_2325Sunn og god blåbæryoghurt lager du enkelt av yoghurt naturell blanda med blåbærsyltetøy

og gjerne litt vaniljepulver.

Server med bær+banan+granateple+pinjekjerner+proteinbar+kakaonibs

og enda meir blåbærsyltetøy på toppen.

Eg bruker Lerum blåbærsyltetøy uten tilsatt sukker med 80% bær.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Ostesmørbrød med avokado

Processed with VSCO with a6 presetGlutenfrie og lavkarbo ostesmørbrød med avokado.

Eg brukte «Cloud bread» som brød, oppskrift på dei finn du her.

Legg to, eller fleire, skiver på ei bakeplate før du har på ketsjup, skinke, ost og most avokado.

Dryss over hampfrø og sesamfrø før du steiker dei gyllne midt i ovnen på 150 grader varmluft i 5-6 minutt.

Server med salat.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Provence

Travelling

 

Me reiser til Provence på fredag og drømmeantrekket mitt for turen er dette:

Ei skjorte med bare skuldrer

Blå jeans

Den perfekte stråkorga med dusker

Rosa joggesko med silkesløyfer

Read more »

Categories: Polyvore | Tags: , , , , , , | Leave a comment

Perfekt avokado

IMG_2208Lykken er å åpne ein perfekt avokado

og enda bedre blir det av denne herlige fargekombinasjonen av rosa og grønt.

Eg er over gjennomsnittet glad i avokado og mitt beste tips til andre som et mykje avokado er å kjøpe små avokado i nett hos Coop.

Dei er mykje billigere enn løsvekts avokado og er akkurat passeleg store.

Categories: Min mat | Leave a comment

Gluten- og sukkerfrie vafler

Annonse

IMG_2132Det er lite som smakar bedre på ein søndag morgen enn nystekte vafler med cottage cheese, syltetøy og friske bær.

Lerum jordbærsyltetøy utan tilsett sukker er min favoritt på vafler.

 Til 4 steikninger med glutenfrie, sukkerfrie og mettande vafler treng du:

2 egg, 60 g havremel, 20 g mandelmel, 70 g kesam original, 1-2 ts sukrin gold, 1/2 ts bakepulver og bitte litt salt.

Visp røra godt saman og ha i vann til passeleg vaffelrørekonsistens.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Påskefrukost

Annonse

IMG_2108Ferien er over for min del og eg skal tilbake på jobb i påskehelga.

Noko av det beste med fri, ferie og helg er ekstra tid til å kose seg rundt frukostbordet.

Dagens påskefrukost var enkel og god:

Smilande egg, roast beef, ost, cottage cheese, appelsiner og Lerum appelsinsyltetøy utan sukker.

Categories: Min mat | Leave a comment

Lerumambassadør

Annonse

IMG_2018Eg er blitt stolt ambassadør for Lerum, og eg kjem derfor til å profilere ein del av deira produkt på instagram og blogg framover.

Alle innlegg som inneheld produktplassering vil bli merka med annonse.

Eg gleda meg til å samarbeide med Lerum og til å prøve ut nye oppskrifter med saft og syltetøy.

#ektevaresmakarbest

Categories: Drops | 2 Comments

Fiskeburger med søtpotetmos

IMG_2007Fiskeburgere er alltid ei god løysing når eg vil ha ein sunn, kjapp og mettande middag.

Denne middagen lager du på 15 minutt om du har søtpotetmosen klar som eg hadde i dag, eller 25-30 minutt om du lager den samtidig.

Oppskrift på søtpotetmos finn du her

Sett fiskeburgerne inn i kald steikeovn på 200 gr varmluft i 15 minutt, eller varm steikeovn på 200 grader uten varmluft like lenge.

Kok opp ein pakke aspargesbønner og server med pecorino eller parmesanost.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Detox

IMG_1943Etter ein litt for artig bursdagsfest på fredag var denne skåla akkurat det eg trengte som kveldskos på lørdag:

Gresk vaniljeyoghurt+blåbær+granateple+bringebær+granola+questbar+mørk og sukkerfri sjokolade.

Masse vitaminer og antioksidanter fra bær og granateple, sunt fett fra nøttene, protein i yoghurt og questbar og herleg sjokolade for å dempe søtsuget.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Rødbethummus

IMG_1970I dag laga me ein enkel og kjøttfri søndagsmiddag,

fransk omelett med rødbethummus, salat og avokado.

Til hummusen treng du:

1 boks kikerter, 1 fedd kvitløk, 6 skiver rødbeter, 1 ss olivenolje, 2 ss av rødbetsafta i glasset, salt og pepper.

Skyll kikertene og press kvitløksfeddet før du har i alle dei andre ingrediensane og moser med stavmikser til ein jevn og fin hummus.

Smak til med salt og pepper.

Categories: Min mat, Oppskrifter | 2 Comments