Socca, kikertpannekake, er ein enkel og sunn måte å lage glutenfri pizzabunn.
Til 2 pizza treng du:
3,5 dl kikertmel
3,5 dl vann
Salt
Pizzasaus
1 klump fersk mozarella
Litt blåmuggost
1 sjalottløk
10-12 små tomater
6 asparges
Visp sammen kikertmel, litt salt og vann til ei glatt røre. La røra stå i ca 1 time før steiking*.
Min pizzasaus finn du oppskrift på her, lag gjerne dobbel porsjon og frys ned halvparten.
Del opp aspargesen i små biter og steik den med salt og pepper.
Skjær opp løken og mozzarellaen i skiver.
Steik socca som pannekaker i litt olivenolje på middels-høg varme.
Legg den på ei rist med bakepapir og fordel pizzasausen over.
Legg på mozzarella, blåmuggost i små biter, løk, tomater og asparges.
Ettersteik soccaen midt i ovnen på 225 grader varmluft i ca 10 minutt.
* Røra må ikkje stå, men dei smaker bedre etter litt tid på kjøkkenbenken.