browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

Author Archives: Frida

Konkurranse

Annonse …viss du vil vinne produkter fra Lerum, er det berre å ta ein tur innom instagramkontoen min..

Categories: Drops | Leave a comment

Eucalyptus

Kjøper du ein bunt med eucalyptus-blader får du utruleg mykje for pengene. Ein bukett til 99 kroner var meir enn nok til tre vaser hos meg. Dei er fine åleine eller sammen med andre snittblomster. For ikkje å gløyme den friske duften dei sprer i heile leiligheten.

Categories: Drops | Leave a comment

Same procedure as every weekend

Eg er glad i rutiner, spesielt i kvardagen men også i helgene. Helg for meg betyr pizza, vin, yoga, seine frukoster med yoghurtskåler og kaffe på senga i gullkoppene fra Kremmerhuset. …kanskje litt kjedeleg, men meir enn nok for meg… Dagens frukostskål: Kvarg med sjokoladebiter (kjøpt i Sverige) Bær Finhakka hasselnøtter Proteinbar med karamell Mørke … Continue reading »

Categories: Min mat | Leave a comment

Pizza med kesam og avokado

Glutenfri, sunn og enkel pizza. Til ein stor pizza, nok til 2 personer treng du: 40 g sesammel*, 30 g havremel, litt sesamfrø, 1 ts bakepulver, litt salt, 3 egg og 3 ss vann. Visp alt saman til ei røre og smør den ut på ei bakeplate med bakepapir. Forsteik bunnen 10 min nederst i … Continue reading »

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Socca med avokado og spirer

Me har alltid fleire kjøttfrie middager i veka, og kjører ofte «Meatfree Monday». Socca, kikertpannekake, er ein av mine vegetarfavoritter. Den er glutenfri og superenkel å lage. Oppskrift finn du her. Topping denne ganger var: Oliventapenade Grønnkål Tomat Avokado Ost (snällost kjøpt i Sverige) Sennepsvinaigrette Spirer

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Kaffe med kanel

…2 kapsler nespresso, litt fløte og eit dryss kanel… Så enkelt og så godt

Categories: Drops, Min mat | Leave a comment

Fiskeburgere med spiresalat

Fiskeburgere med ein god salat til er min favoritt «fast food». Rester av rødbetpesto fra dagen før som topping og salat med: Grønnkål Spinat Tomat Avokado Brokkoli-spirer Sennepsvinaigrette Oppskrift på rødbetpesto finn du her.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Saftig gluten- og sukkerfri gulrotkake

Denne var så god at eg gløymde å ta bilde før me hadde ete opp halve kaka. Ingredienser: 2 egg 100 g fettredusert mandelmel 40 g sukrin gold 1 dl melk 1 dl kesam original 1,5 ts bakepulver 1 stor eller 2 små gulrøtter   1 ts kanel, 1/4 ts vaniljepulver, 1/4 ts kardemomme Ein … Continue reading »

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Champagne coupes

Vide champagneglass har alltid gitt meg ein følelse av gammel klasse og ein svunnen tid. Lykken var stor da eg fekk desse glassa i gave i går. Fra Ikea.

Categories: Drops | Leave a comment

Strikka pledd

Eg har ønska meg eit grovstrikka pledd med store masker så lenge eg kan hugse. Dette i grått fann eg på ebay til ca 300 kroner inkl frakt. Det loer litt men det er kanskje ikkje anna å vente til den prisen. Link til ebay her, eg bestilte 120 x 150 cm.

Categories: Drops | Leave a comment

Brunch

Endeleg helg igjen og tid for kos og god mat. Ein lang og sein brunch er herleg i helgene og kan varieres etter det ein har i kjøleskapet. Litt inspirasjon fra sist søndag: Eggerøre med trøffelsalt Kalkunfilet Friske grønnsaker Rista brød med kremost Varm kaffe i store mengder Chiapudding med peanøttsmør, bær og mørk sjokolade

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Chiapudding med peanøttsmør

…ein liten og smakfull dessert til søndagens bruch… Peanøttsmør i bunn + chiapudding + bær + mørk sjokolade Vegansk chiapudding med smak av kokos lager du enkelt av: 1 boks (4 dl) lett kokosmelk, 4-5 ss chiafrø, 1 ss kokosmasse, 10 dråper stevia og bitte litt salt. Visp godt og la den stå i kjøleskapet … Continue reading »

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Sunn glutenfri pærekake

Det er lite som smaker av høst som eple- eller pærekake. Søndag, regn og innekos er perfekt for kakebaking. Saftig gluten- og sukkerfri pærekake med mandler lager du enkelt med desse ingrediensane: 2 egg 100 g fettredusert mandelmel 40 g sukrin gold 1 dl melk 1 dl kesam original 1,5 ts bakepulver 1 stor pære … Continue reading »

Categories: Min mat, Oppskrifter | 4 Comments

Pizza Bianca

Av og til kan det vera godt å bytte ut tomatsausen på pizzaen med ein kvit saus. Oppskrift på enkel og glutenfri pizzabunn finn du her. Til ein middels stor pizza treng du: 2 dl kesam orginal, 2 ss grønn pesto, 1 sjalottløk, 200-300 gr kyllingfilet, 1 avocado og litt reven ost. Bland kesam og … Continue reading »

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Sjokolademousse med smak av kokos

Sukkerfri og proteinrik sjokolademousse med smak av kokos. Til 2 porsjoner treng du: 200 gr yoplait gresk kokos-yoghurt, 2 eggekviter, 2 ss kakao, 2 plater gelatin og 8 dråper stevia vanilje. Visp eggekvitene stive. Bland sammen yoghurt og kakao, visp godt for å unngå klumper. Legg gelatinplatene i kaldt vann i 5-7 min før du … Continue reading »

Categories: Min mat, Oppskrifter | 1 Comment

Kvit fersken og blåbær

Annonse Søt kvit fersken og store knasende gode blåbær er ein himmelsk kombinasjon. Server på yoghurt med litt blåbærsyltetøy i midten for ein smakfull frukost eller dessert. Topp med mørk sjokolade og litt nøtter.

Categories: Min mat | Leave a comment

Yoghurt med jordbærsaus

Annonse Tyrkisk yoghurt med «jordbærsaus» og friske jordbær. Lerum moste jordbær på flaske passer perfekt å bruke som jordbærsaus. Eit lite sommertips no som dei norske jordbæra er like om hjørnet.

Categories: Min mat | Leave a comment

Vegansk socca

Socca, kikertpannekake, har vore ein favoritt hos meg sidan eg oppdaga retten på ferie i Nice. Den er naturleg glutenfri, mettande og supergod. I det siste har me ete den som på bilde over, med stekte grønnsaker (paprika, rødløk, sopp, cherrytomater, oliven). Grunnoppskrifta på socca er enkelt og greit å vispe saman like deler vann … Continue reading »

Categories: Min mat, Oppskrifter | 2 Comments

Mini fiskeburgere med avokadosalat

Fiskekaker er ofte redninga når eg treng sunn «fast food». Dei er klar på 15 minutt om du putter dei i kald steikeovn på 200 grader varmluft. Til avokadosalaten treng du: Crispi-salat, baby leaf-salat, tomat, 1 avokado per person og dressing eller vinaigrette. Server med sylteagurk og ketsjup på fiskekakene.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Moreller

Det er like stas kvart år når morellene kjem i butikken.  Eg liker dei best på yoghurt eller skyr sammen med bær og mørk sjokolade.

Categories: Min mat | Leave a comment