Landling fransk

French Country

Akkurat no drømmer om eg den landlige franske stilen på klær og interiør.

Zara har butikken full av florlette kjoler og topper i kvitt, duse blåfarger og mønster. 

Eg kom heim i dag med jakken og blusen på bildet.

Ein eggekvit blondekjole og ein blå skjortekjole lik den på bildet landa også i handleposen fra Zara.

Til heimen vart det to nye blomsterpotter med blått mønster og grønne planter i.

Så no er det berre å drømme til eg skal få oppleve ekte fransk landliv i juli.

Read more »

Categories: Polyvore | Tags: | Leave a comment

Salat med roastbiff og edamamebønner

IMG_6743Dagens lunch!

Til denne salaten treng du: grønn salat, små tomater, avokado, edamamebønner* og roastbiff.

Server med dressing, vinaigrette eller kesam blanda meg pesto som eg valgte i dag.

* Bønnene kjøper eg frosne på Meny.

Categories: Drops, Min mat | Leave a comment

17.mai

IMG_6665I år var eg egentleg ikkje i festhumør på 17.mai.

Å jobbe på dagen da dei fleste andre har fri og ingen venner eller familie å feire med var litt tungt i år.

Men med verdens beste selskap og eit par glass prosecco med jordbær vart det litt feiring lell.

IMG_6691

Categories: Drops | Leave a comment

Moreller

IMG_6689Moreller er noko av det beste eg veit og eg gleder meg kvar vår til dei skal komme i butikken.

Akkurat no koster dei litt for mykje, så da blander eg dei saman med vannmelon og blåbær.

Ein supergod smakskombinasjon på skyr, yoghurt eller kesam.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Gratulera med dagen

IMG_6616Hipp Hurra for 17.mai.

Eg er klar for kos (og kaos) på jobb før finstasen skal på i ettermiddag.

Proteinpannekaker med bær er mitt tips til 17.mai frukosten.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Svinefilet med sommersalat og søtpotetbåter

IMG_6588På pinseafta kosa me oss med denne herlege middagen!!!

Heilstekt ytrefilet av svin med sommersalat, søtpotetbåter og smørstekte asparges.

Til 2 personer treng du: ca 400 gr svinefilet, 1 stor eller 2 små søtpoteter, crispisalat, vannmelon, fetaost, pinjekjerner, 6 asparges, smør, salt, pepper og timian.

Brun svinefileten på alle sider i ei steikepanne på sterk varme.

Krydre svinefileten godt med salt, pepper og timian, skru ned varmen til svak, legg på lokk og steik den videre til steiketermometeret viser maks 60 grader. Pakk den deretter inn i aluminiumsfolie og la den ligge og kvile ei stund. Kjernetemperaturen vil da stige videre, og skal helst være ca. 64 grader.

Skrell søtpoteten, del den i båter og bland den saman med litt salt, pepper, paprikapulver og olje i ei ildfast form. Steikes midt i ovnen på 200 grader i ca 30 minutt. Rør litt rundt i potetene under steiketida.

Til salaten deler du opp salat, vannmelon og fetaost i terninger. Rist pinjekjernene lett i ei tørr steikepanne og dryss over.

Brekk av enden og steik aspargesen i smør med litt salt og pepper til den er gyllen.

Ein enkel og supergod middag.

Categories: Min mat, Oppskrifter | 2 Comments

But first, coffee

IMG_6635Eg har ikkje drukke kaffe på senga på maaaange år.

I dag var det herleg med ein mjuk start på dagen for ein sliten kropp etter arbeidshelg.

Det skal ikkje bli like lenge til neste gang, anbefales!!

Categories: Drops | Leave a comment

Jordbær

IMG_6467Dei belgiske jordbæra du finn på butikken no er supersøte og saftige!!

Smaker nydeleg på yoghurt og pannekaker med cottage cheese.

IMG_6495Løp og kjøp!!

Categories: Min mat, Oppskrifter | 3 Comments

Snaps

IMG_6408Roma var tipp topp!! 

Sol, sightseeing, is med sjokoladebiter og pistasj, glutenfri pizza, pasta, mozarella, vin, bellinis og markjordbær tiramisui.

Å leve glutenfritt i Italia er null problem.

IMG_6410

IMG_6411

IMG_6417

IMG_6424

Categories: Min mat, Reise | Leave a comment

Ostesmørbrød

IMG_6348Ostesmørbrød er like godt både til frukost, lunch, middag og kveldsmat.

Så lenge du har brød og ost er det berre å putte på det du måtte ha i kjøleskapet.

Gårdagens smørbrød laga eg på Schar glutenfritt surdeigsbrød med ketsjup, skinke og ost.

Inn i ovnen på 200 gr varmluft i ca 10 minutt og vips var maten klar.

Topp det heile med spinat og kesam blanda med pesto.

Nam!!!

Categories: Min mat, Oppskrifter | 2 Comments

Søndag

IMG_6276Etter ein ubrukeleg og lang lørdag med null futt i ein sliten kropp, var eg superklar for søndagen i dag.

Den starta, som alltid på frihelg, med ein god og lang frukost og masse kaffe.

Spirebrød med avokado og luftig eggerøre smakte himmelsk.

Termokoppen fra Starbucks held veldig godt på varmen og er eit must for meg som må ha kaffen glovarm.

Ein herleg start på dagen etterfulgt av hot yoga.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Vår i Roma

Rome

Me er så heldige at me skal få oppleve våren i vakre Roma i år som i fjor.

På torsdag går turen med heile familien til herlige Italia.

Det er alltid litt vanskeleg å pakke på denne årstiden,

 dei siste dagane har temperaturen variert mellom 15 og 25 grader i Roma.

I kofferten skal eg uansett ha med:

1. Nike joggesko, aldri ein storbyferie uten.

2. Svarte ballerinas, tek lite plass i kofferten og er dei perfekte kveldsskoa på byferie.

3. Solbriller, endeleg tid for det!!

4. Den svarte Chanel veska mi som passer til alt og rommer det mest nødvendige.

5. Luftige og lette kjoler og skjørt.

6. Ei blå tynn skjorte.

7. Varme cardiganer til å ha over dei lette plagga på kveldstid og dager det ikkje er så varmt.

7. Matt rosa leppestift, vårens favoritt.

8. Ein byguide, alltid med i veska.

I Roma skal eg:

1. Ete masse god (glutenfri) pizza.

2. Drikke nydeleg italiensk rødvin.

3. Ete kuleis ved Trevifontenen.

4. Vandre rundt og nyte byen.

5.  Shoppe.

6. Sitte ute og drikke espresso med solbriller på nasen og studere menneska som går forbi.

7. Oppleve all den vakre kunsten og kulturen byen har å by på.

Read more »

Categories: Polyvore | Tags: | Leave a comment

Avokado på knekkebrød

IMG_6235Heimelaga knekkebrød med kremost, avokado og kryddersalt.

…det blir ikkje stort bedre enn det…

Oppskrift på knekkebrøda finn du her.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

FriYay

IMG_6168Endeleg fredag, fridag og frihelg!!!

Onsdagens bursdagsfeiring var perfekt med fine folk, mange gaver, cupcake, pizza og prosecco.

IMG_6207

Blåbær og banan smaker nydeleg i lag.

Dagens «Happy Bowl»:

Skyr naturell + banan + blåbærsyltetøy + hasselnøtter + blåbær + mørk sjokolade

Categories: Drops, Min mat | 1 Comment

Frukost pannekaker

IMG_6161Dagens frukost vart proteinrike pannekaker med cottage cheese og bær.

Til 4 små pannekaker treng du:

1/2 scoop vaniljeprotein, 1 ss havremel, 1 ts fiberhusk, 1 egg, 1 ts kesam og 2 ss vann.

Visp sammen alle ingrediensane og la røra stå i 5 minutt før du steiker pannekakene i litt kokosolje på middels/høg varme.

Categories: Min mat, Oppskrifter | Leave a comment

Bling bling

IMG_6162Mine favoritt-øredobber akkurat no er desse tre fra H&M!!

Alle tre er like fine og pynter opp på ein diskré måte.

Categories: Drops | Leave a comment

Iiiiiiiiis

IMG_6073Min favoritt-is er Dream Yoghurtis med Belgisk sjokolade.

Den er akkuratt passe søt og har store og mange biter med mørk sjokolade.

Nydeleg med bær på toppen!!

Categories: Min mat | 2 Comments

Champagne

IMG_6053Eg var så heldig å få ei flaske ekte champagne av mannen da eg vart gruppeleder på jobb.

Den har blitt liggande litt på grunn av sjukdom men i kveld var det endeleg tid for å sprette den.

Mercier Brut Champagne smaker nydeleg og er akkurat passe frisk, den har også ein ganske ok pris til å vera champagne.

Du finn den på vinmonopolet.

Categories: Drops | Leave a comment

KjerneBrød

IMG_6019Eg har bakepause, for no er det endeleg fleire gode og sunne glutenfrie brød å få kjøpt på butikken.

Kjernebrødet fra Bakehuset er nydeleg på smak og har superbra næringsinnhold.

Dette brødet blir du skikkeleg god og mett av.

Eg kjøpte det på Meny.

IMG_6024

Categories: Min mat | Leave a comment

Pappkrus med lokk

IMG_5999Eg oppdaga pappkrusa med lokk på instagramkontoen til Søstrene Grenes og tenkte at det måtte vera praktisk å ha i kjøkkenskapet.

Eg tok turen innom butikken i dag og det vart med litt andre småsaker også.

Anbefaler å ta turen innom søstrene om du pynte til fest, utvalget er stort, fint og billig.

Categories: Drops | Leave a comment